Den sprekaste bedrifta opp Hestanipen?

Bli med Omega-temaet til topps når me kjempar om sigeren som sprekaste bedrift på Hestanipen Opp 509!

Førstkommande fredag blir det kåring av sprekaste bedrift på Hestanipen Opp 509 i Vikedal. Bedrifta med flest deltakarar i aktiv klasse går av med sigeren. Du kan sjølv velja om du vil gå eller springa opp.

Allerie er ca 10 Omega-deltakarar påmelde, og me vil ha deg med på turen!

Påmelding til service@omega.no innan fredag.

  • Fredag 11. juli
  • Start: Vikedal sentrum ved kommunehuset
    • Trimklassen startar fra kl. 1500
    • Konkurranseklassen startar kl. 1700

Motbakkeløpet Hestanipen Opp 509 blir arrangert for fjerde året på rad. Det er meldt strålande sommar og perfekt turvèr denne dagen.

Løypa er ca 3,5 km lang,og på toppen ventar det ein flott utsikt og premiering til vinnar-bedrifta.